Kutt brødskivene i terningar (ca. 1x1 cm)
Legg brødterningane utover eit steikebrett og steik dei i 10-15
minutt, midt i omnen.
3
Kutt fisken i passe store stykke.
4
Skrell poteter og gulrøter (vask dei først)
Set på ein kjele med vatn og legg potetene oppi når det kokar.
Rasp gulrøtene.
5
Lag til ei skål med mjøl og ei skål til egga (egga skal piskast lett saman)
6
Når brødskivene er ferdig steikt, ta dei ut og la dei avkjølast.
Legg dei deretter i ein plastpose og kjevle over dei.
7
Vi brukte 2 steikepanner. Smelt margarinen.
Dypp fisken i egg, så i mjøl, så i egg igjen og til slutt i brødsmulane.
Steik fisken. Hugs å krydre med salt og pepar på begge sider.
8
Ha creme fraiche i den eine panna (halvparten av creme fraichen)
9
Server fisken med dei kokte potetene, raspa gulrot og creme fraiche.
VEL BEKOMME!