Vask og kutt torsk i fine «pinner». Tørk dei med kjøkkenpapir.
2
Lag til ei skål med hvetemel + salt og pepper, ei med piska egg, og ei med knust brød til panering.
Rull fiskepinnane i hvetemel, deretter i egg og til slutt i knust brød. Legg fiskepinnane utover på eit fat. Panèr alle og la dei tørke litt
3
Vask og kutt opp grønnsaker i små bitar.
4
Bland saman ingrediensane til dressingen.
5
Varm smør i ei steikepanne og legg fiskepinnane i når panna er varm og smøret har skifta farge til lysebrunt. Pass på at der er nok smør i panna heile tida slik at dei ikkje «tørrsteiker».
Steik 2-3 min på kvar side til dei er gjennomsteikte.