Finkutt løk og kvitløk, og kutt paprika i små terningar.
2
Skyll kidneybønner i kaldt rennande vatn, la dei renne av seg i ein sil/dørslag, og mos dei med ein gaffel.
Skyll dei andre bønnene og linsene på same måte.
3
Varm smør/olje i ei steikepanne og steik løk og kvitløk til løken er blank.
Tilsett paprika og steik vidare i ca 1 min.
4
Rør inn tacokrydder.
Tilsett hermetiske tomatar og chilisaus.
Kok dette til sausen er fyldig (ikkje «vannete»).
5
Tilsett alle bønner og linser og ha steikepanna ståande på komfyren til alt er gjennomvarmt.
Nyt fyllet saman med «grønt» i potetlompe eller bruk hjertesalat som tacoskjell.