Kjøttet:
1. Start med å skjære kjøttet i terningar.
2. Bland saman pepar, timian og salt. Knus einebær og ha det saman med resten av krydderet.
3. Ha krydderblandinga på kjøttet og fordel godt.
4. Ha meierismør i steikepanna og la panna bli varm og god.
4. Steik litt og litt kjøtt om gongen.
5. Kjøttet skal kun brunast på yttersida. Legg dei ferdige kjøttbitane på ein tallerken.
2
Sausen:
1. Kok opp 6 dl vatn med ein kjøttbuljongterning.
2. Når terningen er oppløyst tilsetter du hjortekjøttet. NB! All kraft i frå steikepanna skal bli med i gryta.
3. Tilsett seterrømme, kremfløte og brunost.
4. La gryta småkoke.
3
Grønnsakene:
1. Kutt opp sjampinjong, skogssopp, gulrøtter, sjalottlauk og kvitlauk i små fine bitar.
2. Steik i steikepanne på middels varme til soppen er gyllen og fin.
3. Ha alle grønnsakene og løken i hjortegryta. NB! Få med all kraft frå steikinga.
4
Hjortegryta:
1. Set gryta på middels til lav varme og la gryta småkoke i ca 1 time.
5
Potetstappe:
1. Skrell potetene og del dei i små bitar. (Dette fordi dei skal bli møre raskare).
2. Når potetene er møre silar du av vatnet i panna.
3. Mos potetene og tilsett seterrømme.
4. Smak til med salt og pepar.