Kyllingburger

Klasse: 7, Atløy skule

Last ned PDF
Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
0.5 dl vatn
1 stk gul løk
12.5 g tørrgjær
400 g kyllingkjøttdeig
1 stk crispisalat
0.5 ts sukker
0.5 stk rødløk
0.5 ts pepar
0.25 ss smelta smør
0.5 ts salt
205 g kveitemjøl
1 stk egg
60 g kvitost
1.25 dl vann

Slik gjør du

1
Start med å lage hamburgerbrøda sidan dei må heve. Ha mjøl, sukker, salt og gjær i ein bakebolle og rør litt rundt slik at det blandar seg.
2
Ha i smør, vann og egg- Elt deiga godt for hand eller med kjøkkenmaskin. La deiga kvile under plast og eit klede i ca 1 time.
3
Ha deigen på eit bakebord med mjøl under. Del deiga i fire ca like store emner og form dei til runde bollar.
4
Sett hamburgerbrøda på ei steikeplate med bakepapir og dekk med plast og eit klede. Dei skal etterheve i 20 minutt, til omtrent dobbel størrelse.
5
Steik hamburgerbrøda midt i omnen på 200 grader i 10- 12 minutt. Avkjøl eit par minutt og dekk med past. La dei så avkjøle seg heilt før servering.
6
Kyllingburger: Varm opp ei steikepanne med olje på middels sterk varme.
7
Medan panna varmar seg opp blandar du saman kyllingkjøttdeig, løk, vatn, egg, salt og pepar for hand eller med kjøkkenmaskin.
8
Form blandinga til 4 like store burgerar, som er ca 2 cm høge. Med litt vatn på hendene er det enklare å forme dei.
9
Steik kyllingburgerane til dei er gylne på utsida og gjennomstekt, ca 3-4 minutt på kvar side. Snu burgerane ofte for å få dei jamnsteikt.
10
Skjær hamburgerbrøda i to, legg på salat og kyllingburgerane. Topp med løk og osteskive før du legg hamburgerbrødlokket på toppen.
Lukk

Ett øyeblikk