1. Reins og skjer alle grønsakene og potetene i passe store bitar. Bruk gjerne rotkniv.
2. Legg alt midt på eit ark aluminiumsfolie.
3. Legg ein laksefilet på toppen av kvar pakke.
4. Krydre med sitronpepper eller salt og pepper.
5. Legg litt smør på toppen.
6. Pakk saman med langsidene fyrst.
7. Legg foliepakkene i omnen og steik dei ved 200 grader C, til fisken og grønsakene er klare.
8. Ta pakkene ut av omnen og legg dei på ein middagstallerken.
9. Forme dei til Vikingskip og set på sitronskiver som skjold i kvar side.
10. Lag mast med segl (av ubleikt lerret), som ein set midt i skipet.