Hamburger med viltkjøt og pommes frites

Klasse: 6, Ullavik skule

Last ned PDF
Oppskriften er beregnet til: porsjoner

Ingredienser

MengdeIngrediens
300 g Hjortekjøtdeig (sjølvjakta i nærområdet)
14.5 dl Kveitemjøl (økologisk)
0.5 ts Svart peppar
4 ss Lettrømme (økologisk)
2 dl Grov sammalt kveite (økologisk)
0.5 ts Timian
0.3 stk Issalat (økologisk)
2 dl Sikta rugmjøl
3 ts Salt
6 ss Rapsolje (økologisk)
2 ss Margarin (til steiking)
12 g Tørrgjær
1 stk Egg (økologisk)
1 kg Faste poteter (dyrka ved Sykkylven ungdomsskule)
9 dl Vatn
0.5 stk Rødløk (økologisk)
100 g Storfekjøtdeig (økologisk, kortreist (12 km)
4 ss Sesamfrø (økologisk)
1 ss Potetmjøl
1 ss Ravigottesaus

Slik gjør du

1
Bland saman hjortekjøtdeig, storfekjøtdeig, egg, 1 ts salt, timian, peppar og potetmjøl. Tilset deretter litt og litt vatn (ca 1,5 dl) til du får ei fast farse.
2
Form 4 karbonader av kjøtblandinga, og steik dei i margarin på ganske høg varme i 2-3 minutt på kvar side, slik at du får ei fin steikeskorpe. Legg karbonadene til side på ei steikeplate.
3
Bland tørrgjær, mjølet, salt (2 ts) og romtemperert rapsolje (2 ss), og tilset deretter 7,5 dl vatn (som held ca 40 grader). Elt deigen godt, og la den heve i ca 1/2 time, eller til dobbel storleik.
4
Set ovnen på 200 grader. Skrell potetene og skjer dei i 1 cm tjukke skiver, og deretter i 1 cm breie stavar. Ha stavane i ein bolle med kaldt vatn, og la dei trekke i ca 40 minutt.
5
Hell vatnet av potetstavane, og tørk dei godt med eit kjøkkenhandkle. Pensle 2 steikebrett med oljen. Hell resten av oljen over potetene, og bland godt med hendene. Fordel potetene på steikebretta, og strø stavane med salt, pepper og anna ønska krydder. Set potetene i ovnen, og steik i 30-45 min. Vend potetene eit par gangar under steikinga. Strø med litt ekstra salt og ev. anna krydder.
6
Pensle hamburgerbrøda med vatn, og dryss sesamfrø på toppen. Steik dei midt i ovnen på 225 grader i ca 15 minutt. Avkjøl på rist.
7
Skjær issalaten i strimler, rør saman rømme og ravigottesausen, og bland det lett inn i salaten. Skjær løken i skiver.
8
Ca 15 minutt før middagen serverast: ha litt vatn mellom karbonadene på steikeplata, legg aluminiumsfolie lett over, og set dei inn i ovnen på 200 grader.
9
Del hamburgerbrøda i to, og legg rødløk, salat m/dressing og karbonade i mellom. Pommes frites serverast på sida. Vel bekomme!
Lukk

Ett øyeblikk